Den for tida heitaste og mest omfattande saka handlar om omstilling og kostnadskutt i kommunen sitt omfattande tenestetilbod. Alle som ein i bystyret ynskjer flest mogleg lærarar, flest mogleg pleiarar, best mogleg barnehage, best mogleg tilbod til dei svakaste unge som eldre.
Men verkemidla er ulike.
Der posisjonspartia Ap, Frp og Sp ikkje finn større inntekter og meiner føreslegne kutt er forsvarlege, vil KrF, Venstre og SV innføra eigedomsskatt.