Sandnes Taxi gjekk nyleg ut med eit nytt taxikonsept der dei tilbyr Business Class. Denne tenesta kostar 20 prosent meir enn ein ordinær taxitur, og skal tilby kunden gode lokalkunnskapar på heile Nord-Jæren, gode språkkunnskapar, utprega serviceinnstilling og premiumbil.
– Skal ein betala meir for det som ligg innanfor eit vanleg mandat som taxisjåfør? Slik eg ser det tilbyr jo dei det som ein vanleg taxitur skal innehalda, meiner Bjerga.